© Lærdal turistkontor
.

Fotturar Lærdal - Historisk Rute


PrintMAP

Adresse

6887 Lærdal



Nettside

http://

Beskrivelse

Dei mange historiske vegane i Lærdal er både nasjonale turistattraksjonar og gode turvegar. Rundt Borgund stavkyrkje finn du Sverrestigen, Vindhellavegen, Seltåsen og Galdanevegen. Mellom Kyrkjestølen på Filefjell og Maristova går 15 km av den gamle Kongevegen mellom Austlandet og Vestlandet.

Sverrestigen
går mellom Husum og Borgund stavkyrkje. Namnet kjem frå Sverresoga. Tilkomst: Buss eller bil. Parkering ved Rimskjold ungdomshus eller Borgund stavkyrkje.

Vindhellavegen
går mellom fjellpasset Husum og Borgund stavkyrkje. Vindhellavegen i kombinasjon med Sverrestigen er ein kjempefin rundtur.Tilkomst: Vegen er lett å gå frå Borgund stavkyrkje til Husum. Buss eller bil. Busstopp/parkering ved Borgund stavkyrkje.

Vegen over Seltåsen
Fin turveg der ein passerer fleire utsiktspunkt mot husmannsplassen Galdane og fossen Sokni. Vegen over Seltåsen er eit imponerande byggverk på over 18 meter høge murar. Tilkomst/parkering ved rasteplassen Koren.

Galdane-Seltåsen
Vakker rundttur med start frå Seltun eller Sjurhaugen. Forbi husmannesplassen Galdane og ned att med Lærdalselva. Turen tek ca 4 timar.

Øygardsvegen
Øygardsvegen bind saman Vindhellavegen og Sverrestigen med Seltåsevegen og kongevegen over Galdane. Han tek av like før Nedre Kvamme Bru (500 m nedanfor Husum). Her fin du restar av alle gamle vegar. Tilkomst: buss eller bil. Parkering ved Husum eller Sjurhaugen

Toalett ved Borgund stavkyrkje og rasteplassen Koren

EIGEN FOTTURBROSJYRE FOR HISTORISK RUTE



Fasiliteter

Generelle fasiliteter

wc

Avstander

TiderKm.
Lærdal sentrum25 km