Fjordlandskapet er vakkert til alle årstider. Ei båtreise på Nærøyfjorden eller ein tur med Flåmsbana er særleg spennande om vinteren når fjella er snøkledde og fossane er frosne.
Rundturen Norge i eit nøtteskal går heile året og undervegs kan du stoppa ein eller fleire dagar.
Det er mange fine spaserturar eller lette fotturar i området, og fjellet lokkar med spennande aktivitetar om du er ute etter større utfordringar. Unik kombinasjon er Sognefjorden og Skiferie på Voss !
Nærøyfjorden er den vakraste og villaste av sidearmane til Sognefjorden. Fjordcruise i eineståande ramme av stupbratte, snødekte fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap.
Skistaden Voss har vintertradisjonane, OL- og VM-heltane og utfordrande, vakker vestlandsnatur!
Tog frå Oslo med Bergensbanen, ein av Europa sine høgaste jernbanestrekningar med Finse som høgaste punktet (1222 m.o.h.).
Tog frå Bergen til Voss. På Voss går du over på buss som fraktar deg vidare til Gudvangen.
Buss frå Voss til Gudvangen. Båt på fantastiske Nærøyfjorden til Flåm.
Frå Flåm kan du ta ein fantastisk busstur i storslått natur med utsiktspunktet Stegastein som det store høgdepunktet.
Viser panoramafilmen om livet med og ved fjorden gjennom fire kontrastfylte årstider.
Frå Oslo til Sognefjorden – E16
Frå Oslo til Sognefjord –RV7/RV52
Frå Oslo til Sognefjord – E18 /RV7/RV52
Voss – Gudvangen – Flåm E16,
Voss – Gudvangen 45 km,
Voss – Flåm 61 km,
Myrkdalen – Gudvangen 36 km,
Myrkdalen – Flåm 53 km
Ekspressbuss www.nor-way.no og lokale og regionale ruter www.ruteinfo.net