Beskrivelse
Den vakraste og villaste av sidearmane til Sognefjorden. Fjordcruise i eineståande ramme av stupbratte, snødekte fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap. Små gardar som klamrar seg fast til liene. Fjorden er 17 km lang og på det smalaste er den 250 m brei.
Båtturen gjennom Nærøyfjorden er ein av dei mest dramatiske fjordturane i Europa.
Mellom Gudvangen-Aurland og Flåm går det heilårs båtrute - sightseeingbåt. Vinter: 1x dagleg. Elles i året: 3-5 gonger dagleg.
Bilferje mellom Gudvangen-Kaupanger og Lærdal frå 1.juni til 31.aug. 3 x dagleg + går den i mai og september.
Ein ser også charterbåtar og store cruiseskip på veg inn og ut fjorden.
NÆRØYFJORDEN ER PÅ UNESCO's VERDSARVLISTE.
- Billettsal i turistinformasjonskioskane- info@alr.no